Formannskapet i Ørsta sa tysdag ja til ei fråsegn om at dei ønskjer å innlemme Hornindal, Stryn, Selje, Vågsøy, Eid, Ulstein og Hareid kommunar til tingretten i Volda.

Dei ønskjer også at eit eventuelt sams skattekontor for Søre Sunnmøre vert lagt til Volda.

Søre Sunnmøre tingrett har kontor i Volda, og omfattar i dag kommunane Volda, Ørsta, Vanylven, Sande og Herøy.

Arbeidsmarknad

– Tingretten er ein viktig infrastruktur for ein felles arbeidsmarknadsregion med opp mot 70.000 innbyggjarar. Regionen er takksam for statleg samferdselssatsing med Eiksundsambandet og Kvivsvegen på om lag 2 mrd. kroner, seier dei i fråsegna.

Vidare meiner dei at det er viktig at staten ikkje byggjer ned potensialet for å ta ut effekt av desse satsingane og beheld tingretten i Volda.

– Det vil også vere eit signal om optimisme for denne regionen, noko som vil vere avgjerande viktig for å få synergiar av samferdselssatsinga og rettferdiggjere desse investeringane som

regional verdiskaping.

Dersom fleire kommunar kjem under tingretten i Volda føreset formannskapet at tingretten også vert styrka fagleg.

Skatt

Når det gjeld skattekontoret i Volda si framtid kan kontoret i Volda eller Ulsteinvik verte lagt ned då Skatt Midt-Norge ser på organiseringa av tenestene på Søre Sunnmøre.

– Tenkjer ein seg ei samordning av tenestene med eit kontor, er det frå Ørsta kommune si side ein fordel at det vert eit skattekontor i Volda. Dette vil vere ei hjelp til å halde oppe og styrke den totale regionen som eit område med eit variert og attraktivt arbeidsliv, seier rådmannen i tilråding til formannskapet.

Det vert vist til at regionen tradisjonelt har vore delt ved at det på ytre Søre Sunnmøre er eit sterkt maritimt- og  næringslivsmiljø, mens det på indre Søre Sunnmøre er mykje kompetansearbeidsplassar inn mot offentleg sektor.

– Dette har synt seg å vere ei organisering som har vore positiv for regionen som heilskap.