Elias Magne Lianes er eigar av hyttene og fortel om ein god sommarsesong, om lag på same nivå som i fjor.

– Me har hatt godt med tingingar i år, og også for neste sommar er dei første tingingane allereie komne, fortel han.

Lianes har drive hytteutleige på Lianeset sidan 1996. Då starta han opp med to tidlegare OL-hytter frå Lillehammer, som han fekk flytt opp frå Gudbrandsdalen. Seinare er to nye hytter komne opp, med til saman om lag 30 sengeplassar.

Flest tyske

– I april-mai kjem dei første turistane, og då er det oftast grupper med karar som vil fiske og ha det kjekt. I sommarmånadene tek familiane over, men når det tek til å haustast er det igjen karagjengane som kjem, fortel Lianes.

Som så mange andre stader er det mest tyskarar som leiger hyttene.

– Hovudinteressa er fiske, og kvar hytte har båt tilgjengeleg for fjordfiske. Elles går det i fjellturar og utflukter i nærområdet, fortel Lianes.

Frisk luft

Michael Klosa og Karl-Heinz Drechsler ferierer på Lianeset for første gong. Det er andre gongen dei er i Noreg – sist leigde dei ei hytte på Trandal.

– Me fann Nipe-hyttene på nettet og slo til, fortel dei.

Grunnen til at dei valde Vest-Noreg var kombinasjonen av frisk luft, reint vatn og høge fjell. – Og så er me svært glade i å fiske, fortel dei to, som driv med ferskvassfiske heime i Sachsen i Tyskland.

Dei fileterer fangsten, for så å vakuumpakke og fryse han ned. Så transporterer dei han i isoporkassar heim til Tyskland. – Me har løyve til å ta med 15 kg per hovud, men me klarer aldri å fylle kvoten, fortel saksarane, som ikkje kan skryte av storfangst hittil på turen.

– Alt me har fått er ei lange og ein lysing på rundt fire kilo.