Fjoråret blei eit dramatiskulukkesår på vegane i Noreg. Så mange som 188 personar miste livet itrafikkulukker i 2013, og dette er ein auke på nesten 30 prosent frå året før.Av desse var det 101 bilførarar og 31 bilpassasjerar.Så var det 24 av dei omkomne som førte antenmotorsykkel eller moped. Vidare var det tisyklistar som omkom, mens dei siste 17 personane var fotgjengarar eller akende.

Omkomne itrafikken

Dei førebelse tala frå Statistisksentralbyrå viser at ein person omkom på vegane i Ørsta kommune i fjor. Denulukka inntrefte i desember i fjor. Vi harsett litt nærmare på statistikken som fortel om døsulukker over tid i Ørstakommune, og ser at det har vore åtte trafikkdrepne i Ørsta i løpet av dei siste15 åra. Me må tilbake til april 2009 for åfinne den før ulukka i desember.

I Volda kommune var det ingensom døydde som følgje av trafikkulukker i fjor. Sist gong vihadde ei dødsulukke i Volda, var tilbake i juni 2009. Over dei siste femten årahar det vore elleve omkomne i trafikken i Volda.

Auke i Noreg

Tala frå statistisksentralbyrå viser alle vegtrafikkulukker kor det anten har vore drepte ellerregistrert personskade. I heile landet var det totalt 6.397 slikeulukker i fjor. Dette er 243 fleire enn åretfør, noko som gir ein auke på nesten fire prosent. Det var altså i gjennomsnitt 17,5 trafikkulukker medpersonskade kvar einaste dag i Noreg det siste året. Totalt var det 8.297 personar som blei skadde i desseulukkene.

Ulukker i Ørsta

Dei førebelse tala viser atdet i fjor var 15 trafikkulukker i Ørsta kommune kor det blei rapportert ompersonskade.Dette er fire fleire enn året før. Alt i alt var det 28 personar som blei skada i Ørsta-ulukkene.I Volda kommune blei det registrert seksvegtrafikkulukker med personskadde i fjor, og dette er to færre enn i 2012.Totalt blei åtte personer skadd.