– Situasjonen på Vartdal må kunne verte skildra som ei krise, sa Laura T.S. Myklebust (Sp) i ein interpellasjon til ordførar Rune Hovde like før jul.

I oktober kom Stamina Helse med ein rapport om inneklima på Vartdal ungdomsskule. I tillegg til høge og helseskadelege nivå av radon, vart det også målt for høge nivå av CO2.

Myklebust kommenterer at små tiltak er sett i gang, men at det er kjent at pengar vert flytta frå nødvendige tiltak til strakstiltak i skular i Ørsta sentrum.

Stenge skulen?

– Har vi ein heilskapleg plan som sikrar framtidig trygg drift av kommunen sine skular? Har administrasjonen tilgjengelege midlar til tiltak som vil sikre eit godt tilbod til elevar og lærarar ved Vartdal ungdomsskule?

Myklebust meiner at det vil vere nærliggjande å tenke seg at ein skule i så dårleg stand kan måtte stengjast. Ho meiner også at rapporten aktualiserer nødvendigheita av nybygg på Vartdal, og spør om dette argumentet har vorte brukt når kommunen har stilt spørsmål til Fylkesmannen om låneopptak og fått nei.

Strakstiltaka hjelpte

Ordførar Rune Hovde svarar at han har fått opplyst at strakstiltaka for å betre luftkvaliteten ved Vartdal ungdomsskule har hjelpt. Dei har fått tilbakemelding frå Vartdal skule om at ventilar og vifter ser ut til å ha gjort underverk. Snittverdien på radonmålingane er no nede i 38, noko som ikkje lenger skal vere helseskadeleg.

– Tilbakemeldingane er at luftkvaliteten er langt betre. Slik kan det sjå ut til at den akutte situasjonen er under kontroll, noko som sjølvsagt er svært gledeleg, melder ordføraren.

Radon

Statens strålevern opplyser at radon er ein usynleg og luktfri gass som kontinuerleg vert danna i jordskorpa. Utandørs vil radonkonsentrasjonen normal vere låg, og helsefare oppstår først når gassen siv inn og vert konsentrert i innemiljø. Radon kan føre til lungekreft, og risikoen aukar med radonkonsentrasjonen i innelufta og med opphaldstida. Strålevernet rår til at radonnivåa vert haldne så låge som muleg i alle bygg. Strålevernet rår til tiltak dersom radonnivået kjem over 100 Becquerel.

Trygg drift

Ordførar Rune Hovde seier at trygg drift av kommunen sine skular er eit ufråvikeleg krav. Dersom ein skule i Ørsta må stengjast, seier han at dei vil leite etter tenlege lokale for elevar og tilsette nærast råd den som vert stengd.

– For Vartdal sin del er det, slik seksjonsleiar skule ser det, nærliggjande å sjå til Barstadvik skule.

Elles viser ordføraren til at dialogen med Fylkesmannen om låneopptak er generell, og at Robek-kommunar «i utgangspunktet» ikkje får ta opp nye lån uansett.

– Men dersom det vert aktuelt vil kommunen sjølvsagt gå i dialog med fylkesmannen, lovar ordføraren.

– Dersom vi framleis er i Robek.