Kundane kjem i år til å handle for oppimot 350 millionar, spår senterleiar Peder Lid.

Det går altså igjen mot fleire rekordar for kjøpesenteret i Ørsta.

– Stadig kjem det nye kundar utanfrå. Både nordfjordingar, folk frå øyane og ein del også frå Ålesund, opplever senterleiaren.

Han registrerer at mange av ålesundarane synest det er “kjekkare” å handle på Amfi i Ørsta fordi ein der slepp å stå så mykje i kø som på Moa.

– Når Eiksundsambandet vert bompengefritt om eit halvt år, vil vi heilt sikkert merke ein oppsving av impulsbesøkjande frå øyane. Trafikken vil nok også gå motsett veg, spår Lid.

Talde

Då Peder Lid talde opp besøkstala sist søndag, kunne han sjå at det mangla 46.636 besøkjande på å bikke millionen. Lid trur det vert berre peanøtter å nå ein million besøkjande. Berre på ein dag, 22. desember i fjor, var det 7.487 kundar innom senteret. Og no brenn nesten betalingsterminalane på senteret.

– Om fjorten dagar bør rekorden kome. Det er litt artig med så høge tal. Ein million er jo ein femtedel av landets befolkning, smiler senterleiaren.

Samanlikna med i fjor er det i dag kring 5000 fleire kundar innom senteret kvar veke. Vekebesøket ligg i gjennomsnitt på 20.000 personar.

I gang

Julehandelen er i gang for fullt på Amfi-senteret, og besøkstala aukar kvar einaste dag.

914.639 besøkte Amfi i 2012. Dei la att 292 millionar på senteret.

– Vi får eit godt salsår også i 2013, men omsetninga har flata noko ut, slik ho har også på andre senter. Likevel vert det ein fin auke i år, og vert desemberhandelen like god som i fjor kjem vi til å nærme oss 350 millionar i sal for senteret, seier Lid.

Utvida opning

Opningstida på Amfi Ørsta vert utvida med ein time frå komande måndag. Og den 15, og 22. desember vert det søndagsope på senteret. Frå før har Bunnpris søndagsope, og det er ein suksess.

– Over tusen kundar var innom Amfi sist søndag, flest gjekk på Bunnpris, dei andre gjekk på Narvesen, seier Lid.