Det er Nav i Møre og Romsdal som presenterer sjukefråværsstatistikken for kommunane. Statistikken gjeld legemeldt sjukefråvær i alt næringsliv i ein kommune, og gjeld altså ikkje berre kommunale stillingar.

I 2009 var det eit sjukfråvær i Ørsta per tredje kvartal på 8,1 prosent. I åra etter har talet gradvis redusert, og er no nede i 6,1 prosent.

Opp i Volda

I Volda var sjukefråværet etter tredje kvartal på 5,7 prosent. I Volda auka sjukefråværet med 0,4 prosent sidan utgangen av tredje kvartal for eitt år sidan. Etter tredje kvartal i 2009 hadde Volda eit sjukefråvær på 6,8 prosent.

Framleis ligg både Ørsta og Volda over gjennomsnittet for fylket. Det er på 5,4 prosent, og har vorte redusert frå 6,8 prosent ved utgangen av tredje kvartal i 2009.

Sjukefråværet i Møre og Romsdal er mellom det lågaste i landet. Fire fylke har lågare sjukefråvær enn Møre og Romsdal.

Landsgjennomsnittet for det legemelde sjukefråværet var ved utgangen av tredje kvartal på 5,5 prosent.