Det var i oktober at Fylkesmannen i Møre og Romsdal gjennomførte eit tilsyn med den kommunale beredskapsplikta i Ørsta.

Tilsynet medførte påpeiking av tre avvik, og dessutan tre merknader.

Avvika er dei mest alvorlege manglane, og det vart påpeikt at Ørsta kommune mangla ei vurdering av behovet for befolkningsvarsling og evakuering i risiko- og sårbarheits-analysen.

Vidare vart det påpeikt at beredskapsplanen ikkje oppfyller krava i føresegnene om å samordne og integrere anna beredskapsplanverk i kommunen.

Beredskapsplikt

Til sist vart det påpeikt at kommunen skriftleg ikkje kunne dokumentere at krava i føresegna om kommunal beredskapsplikt er oppfylte.

Ørsta kommune har no gått igjennom avvika, og varslar fylkesmannen om at desse skal verte lukka.

– I løpet av fyrste halvår i år skal risiko- og sårbarheitsanalysen verte revidert. Då skal vurderingar av behovet for befolkningsvarsling og evakuering innarbeidast i analysen, kommenterer rådmannen i svaret til fylkesmannen.

Når det gjeld den kommunale beredskapsplanen, understrekar rådmannen at det skal verte innarbeidd ei samla oversikt over planverk knytt til beredskapen.

– Rutinar for møter i kriseleiinga og beredskapsrådet vil verte vurdert i dette arbeidet, kommenterer rådmannen.

Fylkesmannen har også påpeika at kommunen mangla noko dokumentasjon på at alle krav i føresegnene om kommunal beredskapsplikt er oppfylte. Fylkesmannen poengterer at Ørsta har oppfylt dei fleste krava, men at der altså er manglar. Her varslar rådmannen at denne dokumentasjonen vil kome i løpet av andre halvår, saman med revurderinga av rutinar og sjekklister.

– Vi vil også lage eit opplegg for bruk og iverksetjing av internkontrollhandboka saman med revisjonsarbeidet, kommenterer rådmannen.

Merknadene til beredskapsplikta til kommunen går m.a. på at planverket kanskje bør forenklast noko, og at kommunen må tydeleggjere eit system for opplæring som sikrar at alle som er tiltenkt ei rolle i kommunen si krisehandtering, har tilstrekkelege kvalifikasjonar.