I 02-tida natt til tysdag stoppa og kontrollerte politiet ein bil i Ørsta. Bilføraren, ein mann i førtiåra, viste seg å ikkje ha gyldig førarkort. Han hadde også mindre mengder narkotika på seg. For dette vert hand meld. Ein kvinneleg passasjer i trettiåra vert også meld for å ha nokre narkotiske tablettar.

Tidlegare på kvelden vart ein annan mann også meld for køyring utan gyldig førarkort. Dette var ein utanlandsk mann i tjueåra. Han vart stoppa i Volda.