Tussa og kommunen har nyleg hatt drøftingsmøte i samband med at Tussa tidlegare har fått konsesjon for bygging av ny 132 kV luftleidning frå Rekkedal til Sæbø, ny transformatorstasjon på Sæbø og sjøkablar til Trandal og Urke. I samband med bygginga vil Tussa rive fjordspennet over Hjørundfjorden. Utbygginga er tenkt starta opp til våren.

Bakgrunnen for vedtaket er at dagens 22 kV-nett ikkje har nok kapasitet for innmating av produksjon frå bygde og planlagde småkraftverk ved Hjørundfjorden.

Vatn

I konsesjonsvilkåra er omsynet til drikkevasskjelder nemnt særskilt. Det er no utført kartlegging av alle brønnane i området, og det går føre seg ei risikovurdering i høve ureining, redusert tilsig eller mekanisk skade.

– For nokre mastepunkt vert det vurdert alternative materiale, mellom annan kompositt og stål, og her vil tilhøve til kostnad og levetid også spele inn, seier Hans Peter Eidseflot hos Tussa Nett.

Det vil ikkje vêret brukt piggisolatorar i denne lina, og faseavstanden vert så stor, at ein ikkje ser linja som spesielt farleg for fugl.

Skog

Det er trong for skogrydding på mest heile linjestrekninga, og ryddebeltet på 30 meter vil nokre stader vere ønskjeleg å utvide.

Dette gjeld i område med større granskog på oppsida av linja.

– Omfanget av køyring i traseen vert nokre stader omfattande, noko som gjer at ein må vere medvite erosjonsfaren. Å gjere unna hogst, bygging og opprydding på relativt kort tid er eit viktig tiltak for å redusere erosjonsfaren, seier Eidseflot.

Vegar

Det er mange eksisterande vegar som kan vere aktuelle å bruke ved uttransport av virke eller inntransport av materiell ved bygging av linja.

– Ikkje alle har til skrekkeleg bereevne, for nokre må det gjerast tiltak. For to vegar kan det vere aktuelt med permanente tiltak i form av nybygging eller omlegging, seier Eidseflot.

Det skal takast omsyn til råsa opp til Olavsdalen og leggjast til rette for parkering ved stasjonen for turgåarar.

Solblom

Ein skal også ta omsyn til ein solblom-førekomst på Årset-sida av Årsetelva. Det er ikkje mastepunkt i dette området og det er liten fare for blomstrane, går det fram av eit referat frå drøftingsmøtet mellom kommunen og Tussa Nett.