Romestrand driv Sunnmøre Caravan i Ørskog med sal av og sørvis på bubilar og campingvogner.

I 2016 etablerte han avdeling i Stryn og no har Romestrand endra namn på denne bedrifta til Nordfjord Caravan, ifølgje Fjordingen.

Avisa skriv at selskapet no også har verkstadtilbod og at dei har tilsett fleire medarbeidarar på Vikaøyrane.

Selskapet i Stryn omsette i 2017 for 22 millionar kroner.

– Vi hadde vel håpa på at vi skulle klare 20 millionar, så at vi klarte å passere det er kjempepositivt, seier dagleg leiar Vidar Sunde til Fjordingen.

Selskapet sin butikk bidrog med ein million kroner.