– Levekåra deira må høgt opp på agendaen. Det er vår oppgåve som politikarar.

Sosialstønad

Marit Aklestad viser til ny statistikk om barnefattigdom, presentert av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Statistikken viser at det er 126 barn i Ørsta som veks opp i relativ fattigdom, i det Statistisk sentralbyrå definerer som vedvarande låginntektsfamiliar. Definisjonen på det er hushaldningar som tener 60 prosent under medianinntekta i Noreg over ein periode på tre år.

I tillegg viser statistikken at det er 99 barn i Ørsta som lever i hushald som tek i mot sosialstønad.

Den nasjonale trenden er at talet på barn i relativ fattigdom aukar. I dag er det 98.000 barn som veks opp i relativ fattigdom. Talet har tredobla seg sidan 2001.

Barnetrygd

– Til førre møte i Levekårsutvalet sende eg inn eit spørsmål til rådmannen knytt til ei problemstilling eg nyleg vart gjort merksam på, og som eg fekk svar på i møtet. Eg lurte på om barnetrygda vert rekna med i inntektsgrunnlaget ved utrekning av sosialstønad. Svaret var ja. Etter møtet har eg tenkt mykje på denne problemstillinga. Det står fram for meg som både urimeleg og usosialt at dei som har dårlegast råd, med denne måten å rekne på, i praksis ikkje får utbetalt barnetrygd på lik linje med andre, seier Aklestad.

Ho seier at det er opp til den enkelte kommune å avgjere om barnetrygda skal verte utbetalt uavhengig av sosialstønad eller ikkje.

Kostnader

– Det finst ei mengd moglege tiltak som potensielt kan betre oppvekstvilkåra til desse barna. Eg meiner at dette med barnetrygda kan vere eit viktig grep, seier Aklestad.

Ho vil difor ta spørsmålet opp på nytt.

– I første runde vil eg foreslå for levekårsutvalet på onsdag, at utvalet bed administrasjonen greie ut kva ei slik endring i utrekninga av sosialstønad vil koste for kommunen. Då får vi konkrete tal å halde oss til fram mot arbeidet med økonomiplan og seinare budsjett. Eg håpar og trur at å prioritere desse barna er noko vi kan samlast om som politikarar.