Laurdag ettermiddag rykka væpna politi ut på ei hending i ei bygd i Ørsta. Ifølgje Sunnmørsposten skal årsaka til utrykkinga vere at ein person hadde gjort skadeverk på eit hus. Personen skal ha oppført seg trugande mot huseigaren, og truga med å gjere skade med eit kubein. Klokka 14.56 melde politiet på twitter at dei har kontroll på ein mann, og at vedkommande vert undersøkt av helsevesenet. Politiet opplyser og at det ikkje er skade på personar i samband med aksjonen.