Jan Peder Hoggen i Volda Røde Kors er heidra med Møre og Romsdal Røde Kors sin fortenestemedalje. Medaljen får han for hans lange og viktige arbeid for hjelpekorpset.
Det var under Møre og Romsdal Røde Kors sitt årsmøte i Geiranger i helga at Hoggen fekk utdelt heideren. 140 medlemmer i Møre og Romsdal Røde Kors helsa Hoggen med varm applaus.
Tretti år
Hoggen har vore med i Røde Kors i snart tretti år. Han byrja i hjelpekorpset i 1983, og har hatt tillitsverv sidan 1988.
Jan Peder Hoggen er no skredansvarleg i Møre og Romsdal Røde Kors, og medlem av Røde Kors Hjelpekorps si sentrale ressursgruppe for skred.
– I eit fylke som til tider kan vere svært skredutsett, har Hoggen delteke på mange redningsaksjonar der menneske har vorte tekne av snøskred. Hoggen har vore svært engasjert på dette feltet, og har medverka til at Volda/Ørsta Røde Kors skredgruppe har opparbeidd ein unik kompetanse på skred. Han medverkar ofte med undervisning og førelesingar om skredfare og skredredning, og har ved mange høve representert Røde Kors i media i saker vedkomande skredfare og skredredning, heiter det i grunngjevinga.
Aktiv
Jan Peder Hoggen er fagleg leiar for alle skredfagkrus som vert arrangert på Sunnmøre. I tillegg har han vore operativ leiar i Volda Røde Kors, vore i valkomite, vore korpsleiar, leiar for Volda/Ørsta Røde Kors skredgruppe, varamedlem og der etter medlem i Distriktsråd hjelpekorps, nestleiar og operativ leiar i Distriktråd Hjlepekorps i Møre og Romsdal Røde Kors.
Det var Eva Brenne frå landsstyret i Noregs Røde Kors som overrekte fortenestemedaljen til ein audmjuk og takksam Jan Peder Hoggen under årsmøtet sin festmiddag laurdag.