På denne måten forklarar ho noko av den sterke tilbakegangen for Volda Senterparti.

At Kalland like før valet gjekk ut og klart sa frå om at det beste ville vere å leggje ned Ulvestad har nok hatt negativ effekt på populariteten hennar. I tillegg har truleg Senterpartiet, som tradisjonelt har stått sterkt på bygdene, tapt veljarar til Ferjelista. Dei fekk inn to mandat, noko som må karakteriserast som eit svært godt val.

Skuffa

Ragnhild Aarflot Kalland var seint måndag kveld skuffa og vonbroten over det dårlege valresultatet. No må ho altså gå av som ordførar.

- Kven tapte de veljarar frå?

- Vi tapte vel litt her og litt der, seier Kalland som peikar på at Senterpartiet stilte til val med mange unge, dyktige personar ho håpte skulle få høve til å setje sterkt preg på Volda-samfunnet si utvikling.

Sjølv om Kalland er ferdig som ordførar etter åtte år, vel ho å sjå optimistisk på framtida.

- Vi kjem garantert sterkt tilbake!