Eit gneistregn frå ventilasjonssiloen på taket av Ørsta kulturhus gjorde at Ørsta brann og redning måtte rykkje ut onsdag ettermiddag.

Det var ein forbipasserande som såg gneistane, og varsla leiinga på kulturhuset. Brannvernet vart då umiddelbart varsla.

Det vart ikkje registrert røyk eller eld, men brannvernet konstaterte at der var ein feil ved det elektriske anlegget, og ville forsikre seg om at feilen vart lokalisert før aksjonen var avslutta.