Framfor ei samla tropp frå HV-området Ørsta og Volda ynskte Oddbjørn Aam troppen lykke til vidare, og sa at det var med stoltheit at han no avleverte området til påtroppande områdesjef Jørgen Saure.

– Eg føler stoltheit. Det er ei tid for alt. Eg har lagt eit godt grunnlag og eg føler at eg gir meg når eg er på topp.

– Er det samtidig litt vemodig?

– Nei, eigentleg ikkje. Eg har brukt svært mykje av fritida mi på Heimevernet, og den ynskjer eg no å prioritere annleis. Så det er ikkje vedmodig, men du kjenner litt følelsar likevel, seier Aam.

Under seremonien på Reset i Volda delte stabssjef i HV-11 Ivar Hatlelid ut HV-11 sitt skjold til Aam som takk for tenesta. Då Aam starta i Heimevernet var Volda og Ørsta kvart sitt område.

– Vi trente mot kvarandre, samarbeidde og var mykje større enn i dag. Vi var over 200 personar i Ørsta og over 200 personar i Volda. Det vart samanslåing av distrikta, og eg fekk æra med å vidareføre det samanslåtte Ørsta og Volda heimevernsområde.

Aam vart dermed den første områdesjefen for heimevernsområdet Ørsta og Volda, og har hatt det ansvaret frå 1. februar 1987 og fram til Saure tok over 27 år etter at Aam byrja.

– I dag er eit mindre tal hovud enn det vi var då vi var sjølvstendige, legg Aam til.

– Ansvaret tyngjer

Jørgen Saure tok over som områdesjef etter Aam fredag, og ser fram til å kome i gang med arbeidet.

– Eg tek over eit velfungerande, godt organisert, godt skolert og kraftfullt område med utmerkte befal og mannskap. Ansvaret tyngjer sjølvsagt og fallhøgda er stor, men eg gler meg til det, seier Saure.

Den nye områdesjefen vil ha det overliggjande ansvaret for det skjer og ikkje skjer i heimevernsområdet Ørsta og Volda, og skal ta avgjerder i avgjerdsprosessar.

Den avtroppande områdesjefen er trygg på at Saure er rett mann til å ta over som områdesjef.

– Eg er trygg på at han er ein god arvtakar, og han har gått rekkjene i området ifrå å vere lagførar til troppssjef før han vart operasjonsoffiser i min stab. Han kjenner grasrota, og eg trygg på at han vil vidareføre dei tradisjonane som eg har lagt grunnlaget for, seier Aam.