Bjørke Marina melde i sommar oppbod, og vart seinare slått konkurs. Årsaka til konkursen var svikt i båtmarknaden forklarte styreleiar Kjetil Rørstad.

– Det gjekk bra med selskapet vårt dei to første åra, men så vart det bråstopp, og vi hadde no selt om lag halvparten av dei vel førti båtplassane.

– Vil flytte

No er det klart at Bjørke småbåtlag, som består av dei tidlegare båtplasseigarane, har kjøpt konkursbuet etter Bjørke Marina. Det er eit ynskje om å flytte bryggene over fjorden til Sætre.

– Vi fekk ikkje på plass ein ny avtale med grunneigar, og difor ynskjer vi å flytte, seier leiar Torill Hole Svinø til Møre-Nytt.

Bjørke småbåtlag har ytra ynskje om å flytte bryggene før vinteren og å kunne nytte bryggene som småbåthamn våren 2016.

– Vi har von om å få flytte bryggene så raskt som råd. Grunneigaren på Sætre arbeider no med reguleringsplan. Det vert også arbeidd med søknad om mellombels plassering med tidsavgrensing.