- Målet er alltid å verte betre enn fjoråret. I fjor var det litt spesielt, fordi Ørsta vart fronta på NRK i samband med TV-aksjonen. Så om det vert like godt i år veit vi ikkje, men vi håper, seier Sven Castberg.

Han er ein av dei som har teke på seg ansvaret med å ringe rundt til lokalt næringsliv for å høyre om dei vil bidra til årets aksjon som går til Kirkens Nødhjelp. Deira mål er å gi ein million menneske tilgang på reint vatn.

- I fjor fekk vi inn 88.500 kroner frå til saman 26 bedrifter. Det bør vi klare igjen, trur Castberg.

Dei som ikkje har høyrt frå komiteen i løpet av fredagen kan kanskje vente seg ein telefon i løpet av helga.

- Elles er det mogleg å gå inn på giverstafetten.no og registrere seg der, oppmodar Castberg.