Det viser tal innhenta av Opplysningskontoret for Meieriprodukter.

Salet av norsk yoghurt har totalt auka med med 13,3 prosent og norsk ost med 6,6 prosent i tredje kvartal i år, samanlikna med same kvartal i fjor.

Direktøren i Melk.no, Ida Berg Hauge, trekkjer fram nokre hovudårsaker til den positive auken av yoghurtsalet.

 – Vi trur mykje av auken kjem av at det stadig kjem nye og spennande smakar på marknaden – som i tillegg inneheld dei same gode næringsstoffa. På den måten blir produkta attraktive for fleire forbrukargrupper.

I tillegg vise tala at salet av rømme, fløyte og smør auka. Mjølkesalet fekk ein liten nedgang på omkring ein prosent, men nedgangen er mindre enn det han har vore tidlegare år. Heilmjølk, økologisk mjølk og mjølk med smak held fram med å auke.

(©NPK)