Vi kårar månadens bilde kvar månad i Møre-Nytt. Premien er vanlegvis eit Møre-Nytt-krus, men no vil vi gjere ekstra stas både dei flinke fotograf-lesarane våre.
23. juni kjem vi med ei stor og flott spesialutgåve: Ørsta-avisa. Her vil vi kåre vinnaren av fotokonkurransen.Premien er ein Pinell Go reiseradio. Dette er ein liten og hendig kvalitetsradio med god lydkvalitet og batterilevetid. Radioen fekk terningkast 6 på Dinside, og har både FM og DAB+, i tillegg til tilkopling for telefon eller musikkspelar.
Slik melder du deg på
Du brukar bildedelingstenesta Instagram til å melde deg på konkurransen. Alt du treng å gjere, er å merke bilda dine med emneknaggen #mørenytt når du legg dei ut.
Møre-Nytt sin redaksjon stiller som jury, og vil plukke ut vinnarbildet.
Bilda må vere lagde ut på Instagram mellom 31. mai og 17. juni for å vere med i konkurransen (Ørsta-avisa går i trykken 20. juni).
Vi vil presentere vinnarbildet og andre gode kandidatar i Ørsta-avisa torsdag 23. juni.
Lykke til med fotograferinga!