Det seier ordførar i Stryn, Sven Flo. Han er forsiktig med å meine noko om Domstoladministrasjonen si vurdering av ei eventuell nedlegging av Søre Sunnmøre tingrett i Volda, men seier at han ser at dei på deira side av fylkesgrensa bør ta diskusjonen.

Tenke nytt

Søre Sunnmøre tingrett har sjølv sagt at dei ønskjer ei styrking av tingretten i Volda, og meiner mellom anna at det vil vere naturleg å sjå mot Nordfjord-kommunane.

Tillitsvald for sakshandsamarane ved tingretten i Volda, Marthe Sleire Vatne meiner det er på tide å tenke nytt.

– Hareid og Ulstein soknar til Sunnmøre tingrett i Ålesund. Etter Eiksundsambandet er det meir naturleg at dei soknar til Volda, slik dei gjorde tidlegare. Det same gjeld Kvivsvegen, der Stryn, Hornindal, Vågsøy og Nordfjord soknar til Førde, seier ho.

Fjordane tingrett i Førde betener rettslokalet på Eid ei veke i månaden.

– Dette er ei oppgåve Søre Sunnmøre tingrett vil kunne ta på seg. Det vil vere ei billigare løysing, fordi vi kan betene dette rettslokalet kvar dag, utan overnatting på grunn av dei korte avstandane, seier Vatne.

I dag er kommunane Ørsta, Volda, Sande, Herøy og Vanylven under Søre Sunnmøre tingrett, med til saman 34.000 innbyggjarar. Domstolen er for liten sett i den målestokken Domstoladministrasjonen ønskjer for framtida, med 8–10 dømmande årsverk.

Stå samla

Ordførar Flo i Stryn vedgår at det er eit ømfintleg tema å diskutere når fylkesgrensene vert kryssa.

– Dette er vanskelege diskusjonar å ta. Vi er knytt til dei ordningane som er innanfor fylket i dag. Kryssing av fylkesgrenser skaper engasjement, det vere seg tingrettar eller lokalsjukehus. Vi skal trå varsamt i slike debattar. Det er likevel klart at nye vegsamband endrar regionen vår. Vi veit ikkje kva som vil skje framover, eller korleis regionen vert sjåande ut. Kanskje må vi tenke annleis enn det vi gjer i dag. Difor meiner eg at dette er eit tema for Nordfjordrådet, slik at vi kan stå samla, seier han, og får støtte frå ordførarkollega Stig Olav Lødemel i Hornindal.

– I utgangspunktet støttar vi alt som gjer at vi kan få gode tilbod lokalt, men Hornindal skal ikkje aleine meine noko om dette. Den diskusjonen skal vi ta i Nordfjordrådet, seier han, og legg til at han opplever at ting fungerer med det delvis betente rettslokalet i Nordfjordeid.

Nordfjordrådet skal halde møte 9. november. Det er same dato som Domstoladministrasjonen (DA) har sett for å konkludere om kva for tingrettar dei ønskjer å arbeide vidare med, med tanke på samanslåing.

<strong>Sorenskrivargarden:</strong> Domstoladministrasjonen har sett Søre Sunnmøre tingrett under lupa, og konstituert sorenskrivar Ole Ødegård, trur det brenn eit blått lys for tingretten.