– Forholda er veldig fine, men det er ikkje meir snø enn det som trengst. Då vi trakka i natt var det så mjukt og fint at det var freistande å hente fram skia, seier Frank Robert Aklestad i alpingruppa til Vartdal Turn og Idrettslag.

Med snøen som lava ned førre helg og dei første dagane denne veka vart det mange nok centimeter med snø slik at skitrekket kan opne, men i dagane som kjem er det meldt mildvêr.

– No har vi fått lagt solen. Så lenge den får ligg i ro vert det lettare å opne opp att nesten gang viss vi må stenge.

Skitrekket på Vartdal har ope både laurdag og søndag, og etter planen har dei kveldskøyring tysdagar og torsdagar.

– Vi vonar at mange vil kome og nytte seg av tilbodet. I tillegg til å sjå den nye vaktbuda og dei nye møblane vi har fått.

I tillegg til at skitrekket opnar opp er det og moglegheiter for å ta på seg langrennsskia.

– Det er langrennsspor i området rundt skitrekket, og ved skulen. Totalt er det rundt 4 km med langrennsspor.