Dette seier prosjektleiar Erling Brekke for innføring av eigedomsskatt. Om folk har fått ein skattesetel med berre ei side er det skattlegging etter formuesgrunnlaget frå Skatteetaten. Om skattesetelen har fleire sider er det skattlegging etter taksering utført av kommunen. Takstar for eigedom i Ørsta vart fredag lagt ut til offentleg ettersyn i tre veker på servicekontoret på rådhuset. Klager på formuesgrunnlaget skal rettast mot skatteetaten, og klage på taksering skal rettast mot kommunen. Klager må kome innan seks veker frå kunngjeringsdato.

Skattesetelen syner samla eigedomsskatt og skal betalast i to terminar. Rekningane vert sendt ut seinare. Informasjonbrosjyre kan foreløpig hentast på servicekontoret, og over helga vil det verte lagt ut brosjyrer på Skipsen varesenter AS på Vartdal og Bellingen Nærbutikk på Sæbø.

Møre-Nytt har fått spørsmål om kvifor promillen på eigedomsskatten er 2,6 i staden for 2,0.

– Politikarane har lagt inn ein sum for eigedomsskatt i langtidsbudsjettet, og vi har rekna på ulike modellar for at dette beløpet skal nåast og ikkje overstige det politikarane har bestemt, seier Brekke.