Måndag morgon kom cruiseskipet «Quest for Adventure» til Ørsta. Dette er det femtande cruiseskipanløpet på Ørstaterminalen. Både Siri Dahl og terminalsjef Oddmund Ose skulle ønske det kom fleire av sorten. Men for å få til det, trengst det meir middel til marknadsføring.

– Det fins ikkje budsjett. Då vi hadde pengar for nokre år sidan, fekk vi med ein gong båtar. No har vi ikkje pengar til å følgje opp marknadsføringa. Dei båtane som allereie har vore her, kjem att. Men vi får ikkje nye, for vi får ikkje marknadsført oss slik som andre hamner får, seier Dahl.

Treng femti tusen

Marknadsføringa mot cruiseturismen er svært målretta, gjennom personleg oppmøte på messer og hos reiarlaga. Det er reiselivslaget som står for marknadsføringa.

Oddmund Ose meiner ein bør budsjettere med minimum femti tusen kroner i året for å drive tilstrekkeleg marknadsføring opp mot reiarlaga.

– Mange reiarlag er ute etter nye hamner, og det kan vi tilby her. Vi har det som skal til. Her er mange fantastiske turar i alle retningar, så turistane får sjå Vestlandet. Innseglinga til Ørstafjorden synest dei også er ganske fin, for det er fascinerande å segle inn under Liadalsnipa, seier han.

Framleis i startfasen

Dahl meiner Ørsta har potensial til å verte ein god cruisedestinasjon, men at ein då må intensivere arbeidet.

– Det er snakk om målretta marknadsføring, ikkje dyr annonsering i diverse blad. Difor treng ikkje budsjettet for marknadsføring vere så veldig stort. Det handlar om å knyte kontaktar, vite kven ein skal snakke med og byggje opp eit nettverk. Dette arbeidet får vi ikkje gjort no. Vi kom godt i gang, men har ikkje ressursar til å følgje opp. Vi er enno i ein startfase, og treng nokre år til med innsats for å kome i den posisjonen vi ønskjer å vere i, seier ho.

Quest for Adventure