Mykje folk hadde møtt fram for å ta del i denne spesielle festgudstenesta - og feiringa av grunnlova - under temaet «fri til å tale, tru og tene» som tema.

Vala til riksforsamlinga i 1814, landets første nasjonale val, vart halde i kyrkjer over heile landet, difor var det heilt naturleg at kyrkjene no markerte grunnlovsjubileet med festgudstenester og avduking av valfullmakter i valkyrkjene. I vårt område var det i Hjørundfjord kyrkje valet til riksforsamlinga gjekk føre seg.

Kvart prestegjeld valde to valmenn som vart sendt til ei amtsforsamling. Ein av dei to skulle vere bonde. På amtsforsamlinga valde dei tre representantar mellom valmennene.

Fiskeri

Valdagen skulle vere på ein særskild bededag den 25. februar. Hjørundfjord var mellom prestegjelda som ikkje klarte å gjennomføre dette fordi dette kolliderte med fiskeriet på fjorden.

I staden samlast ein 25. mars på marimessdagen, då fisket etter gammalt skulle vere slutt.

Heldige

Sokneprest Espen Aarseth minte forsamlinga om kor heldig ein er her i landet som har fridom til det meste. Aarseth fortalde frå eit besøk i Teheran i Iran for nokre år sidan, der han følgde koret SKRUK. Styresmaktene hadde full kontroll over SKRUK sine rørsler og handlingar frå time til time. Kontrollen handla om det meste, og alle tekstar og melodiar som skulle framførast måtte sendast inn til godkjenning lang tid i førevegen. Kvinner har ikkje lov å syngje i kor i Iran og det skapte ei utfordring for SKRUK då dei like før ein konsert fekk melding om at damene i SKRUK heller ikkje fekk synge. Kva skulle dei gjere?

– Det vart til at koret song. Stemninga var elektrisk då koret hadde tøtsja grensa for det som var lov i landet, sa Aarseth.

Under markeringa i kyrkja spela Generasjonskorpset, og konfirmantar var tekstlesarar. Ørsta kyrkjekor deltok også.