Ein 36 år gamal mann vart funnen død heime i bustaden sin i Ørsta. Ei veke i forvegen hadde straumen til bustaden vorte stengt av. Politiet rekna dødsfallet som mistenkeleg, og ein obduksjon stadfesta at mannen var død av kolosforgifting.

Politiet sa den gongen at mannen truleg hadde prøvd å få opp varmen i bustaden ved å fyre opp ein grill innandørs.

Bad om svar

Fylkesmannen sende i desember i fjor brev til NAV Ørsta der dei bad om svar på om dei var i kontakt med, og eventuelt kva type kontakt dei hadde, med mannen.

Særleg viste fylkesmannen til informasjonen om at straumen var stengt av.

Etter å ha fått svar frå NAV seier Fylkesmannen no at dei har gått gjennom rutinane til NAV Ørsta, og at dei ikkje kan sjå at rutiner ved stenging av straum er omtalt der.

– Ikkje forsvarleg

– Vi vil be om at det vert laga heilt klåre rutinar for korleis dei tilsette skal opptre når dei får søknader i samband med stenging av straum. I dette tilfellet finn fylkesmannen at det var i strid med kravet til forsvarlegheit å la søkjaren vere utan straum frå torsdag og gjennom heile helga.

Fylkesmannen bed NAV Ørsta om å lage ei rutine som sikrar folk lys og varme, særleg om hausten, vinteren og våren. Rutinane vil dei ha tilsendt innan ein månad.