Musikaren Egil Olsen frå Ørsta er mest kjent som songar og låtskrivar, men har også eit teiknetalent. Tysdag debuterte han med teikneseriestripa «Eg, Egil Olsen» på dagbladet.no og i papiravisa. Stripa skal vere fast gjest i avisa i ein månad framover, unnateke søndagane.

Skråblikk på artistlivet

Alle stripene er ikkje teikna ferdige enno, men Olsen har planane klare for kva som skal festast til papiret i vekene framover.

– Det er ei teikneseriestripe om meg sjølv og mitt liv som singer/songwriter. Stripene vil gje eit innblikk i nokre av dei rare episodane ein er i som artist. Det kjem også til å dukke opp nokre gjester i form av andre artistar eg kjenner. Elles er det eit sjølvironisk skråblikk på meg sjølv: eit portrett av ein liten, ukjend artist, seier Olsen.

– Veldig tøft

Då Møre-Nytt ringde tysdag morgon, hadde kona hans akkurat kome med bollar, kaffi og Dagbladet på senga hans.

– Det var veldig tøft å sjå stripa i avisa. Det har absolutt vore ein draum, seier Olsen.

– Dette er min første ekte teikneserie. Eg synest teikneserieformatet er veldig gøy, og eg har teikna seriar heime sidan eg var veldig liten. Men dette er første gongen det vert publisert.

Bakgrunnen for at stripa hamna i Dagbladet, var at teikneserieredaktør Snorre Bryne fekk høyre om teikneseriane til Olsen. Han likte det han såg, og gjorde ein avtale om fast plass i ein månad. Der vert stripa no trykt i selskap med Pondus, Nemi, Rocky, Luch og andre etablerte teikneseriar.

Les teikneserien her.