Ørsta kommune skal lage plan for rekruttering og kompetanse.

Rådmannen meiner kommunen treng ein plan som skal gje kunnskap om kommunen sitt behov i høve rekruttering og kompetanse, og heving av denne.

- Vi treng ein strategi for å rekruttere og behalde kvalifiserte medarbeidarar. Og vi treng ein strategi for å nytte rett kompetanse på rett plass, seier rådmannen.

Strategien skal vere målretta for å utvikle kommunen til å verte ein attraktiv arbeidsgivar.

Kompetansearbeidsplass

- Kommunalsektor er ein kompetansearbeidsplass. Utviklinga i befolkningssamansetninga, auka

forventningarfrå innbyggjarane om kommunale tenester, auka forventningar frå statlege

myndigheiter,samfunnsendringar og trendar, krev stadig endring og utvikling i

kommuneorganisasjonen- og eit auka krav til dei tilsette i kommunane, slår rådmann Wenche Solheim fast.

Utgreiing

Ho viser til ei utgreiing frå kommuneorganisasjonen KS der det vert fokusert på

tre problemstilingar som omfattar strategisk kompetanseutvikling i kommunane.

- Rapportensyner at rett og god kompetanse med strategisk kompetansestyring sikrarkvalitet i

tenestene,effektiv ressursutnytting, innovasjon og utvikling og eit godt omdøme somattraktiv

arbeidsplass, seier rådmannen.

Politiklarane i formannskapet får denne saka på bordet rett over pinse.