Bebuarane på strekninga frå Rjånes til Morkabøen har fått att straumen, men Vik Ørsta og bebuarane under Ura er framleis straumlause.

- Det er feil på forsyninga og vi arbeider med å rette feilen, melder Tussa som reknar med at straumen i dette området er tilbake rundt klokka 14. Tussa held no på å leggje ny kabel i området.

Årsaka til straumbrotet var brann i ein elektrisk stolpe i Skorgeura. Det var i 05.30-tida natt til søndag at fekk politiet melding frå ein bebuar om brannen.

Bjørke

Området mellom Bjørke og Kalvatn vart utan straum natt til søndag grunna eit tre som fall over kraftlina. Tunnelane og kabelnettet på Kalvatn hadde straum. Straumen er no tilbake hos alle innbyggjarane, får Møre-Nytt opplyst på Tussa sin vaktsentral.

Volda

I Volda gjekk straumen på strekningane Straumshamn-Bjørneset, Straumshamn-Høydalsvik, Straumshamn-Krumsvikneset, Dale-Krumsvikneset og Dale-Folkestad-Straumshamn.

Alle skal ha fått tilbake straumen.

Ute på øyane var det også straumstans, og Almestad i Gursken var utan straum sidan i 14-tida laurdag grunna linjefeil, og det var kortare utfall i tilstøytande område.

Møre-Nytt kjem med meir.