Petter Bjørdal (Ap) fekk onsdag med seg eit samrøystes samferdselsutval til å greie ut om det kan byggjast ny ferjekai for å korte ned ferjestrekninga over fjorden.

I dag går ferja på langs av Voldsfjorden, noko som fører med seg ei overfartstid på om lag 25 minutt. Ved å krysse direkte over fjorden, vil overfartstida verte om lag på linje med Folkestadferja.

Halverer reisetida

Bjørdal meiner det er viktig å få korta ned reisetida frå Lauvstad til Volda.

– Når ho går på langs med fjorden, har ho ein avvisingseffekt på reisande frå Vanylven til Volda. Ein ser at dei i større og større grad reiser Årvik-Koparnes mot Ulstein, seier Bjørdal.

– Ferja er ikkje berre eit lokalsamband for dei som bur på Lauvstad. Det er eit nord-sør samband langs midtre linje nedover. Eg trur dette sambandet med innkorta reisetid vil styrkje samkvemmet i Vanylven og ytre del av Nordfjord mot Volda, og trafikken som går vidare sørover mot Nordfjord.

Underskrifter

Bakgrunnen for at saka kom opp, var eit brev frå Per Tore Lauvstad, Jan E. Nakken, Erling Ulvestad og Lars Otto Velsvik. I brevet vart det argumentert med at kortare ferjeveg vil styrkje arbeidsmarknaden for dei som bur på vestsida av fjorden, og at ferjetilbodet generelt vil verte styrka av kortare overfartstid. Vedlagt låg åtte sider med underskrifter frå oppsitjarar på vestsida.

– Eg trur innbyggjarane på Lauvstad er interesserte i å kome seg over fjorden, noko desse underskriftene viste. Men dei som er forkjemparar for dette, må stå nokså hardt på for å få dette gjennom, for det gjer ikkje seg sjølv, seier Bjørdal.

No skal det altså greiast ut om det kan vere aktuelt å byggje ny ferjekai. Deretter må det regulerast og byggjast. Bjørdal ser føre seg at ferjekaia vil stå ferdig tidlegast om 6 til 8 år.