VØR opplever at kontrollutvala i kommunane krev jamleg rapportering. Det same gjeld kommunerevisjonen, og nyleg tok selskapet også i mot krav frå kommuneadministrasjonen i Ørsta om eigarskapskontroll. Det er kommunestyret som skrev dette.

– Vi kjenner til at krav om eigarskapskontroll er heimla i kommunelova. Kommunen sitt brev tolkar vi såleis som ei oppfølging av dette. På same tid kjenner vi at det etter kvart går mykje tid og dermed ressursar til rapportering og dokumentasjon av «kva som skjedde». Alle instansar skal rapportere til kommunestyre, kommenterer dagleg leiar Petter Bjørdal hos VØR.

Fortløpande innsyn

Han viser til at kontrollutvalet i kommunen, som er kommunestyret sitt kontrollorgan, skal ha fortløpande rapportering og innsyn. Dersom saker ikkje ligg føre slik som kontrollutvalssekretariatet oppfattar det, vert det purra.

– Kommunerevisjonen går grundig til verks på kva vi gjer og ikkje gjer i samband med revisjonen av rekneskap og styret si årsmelding. Der utfører ein også kvart år det vi oppfattar som mindre forvaltningsrevisjonar av delar av VØR sin aktivitet. Forvaltingsrevisjonar vert normalt utført på oppdrag frå kommunestyra etter tilråding frå kontrollutvala. Vi tek det for gitt at det er slik her også, seier Bjørdal.

Forenkle

Og som vidare peikar på at det no er eigarskapskontroll som kommuneadministrasjonen utfører på vegner av kommunestyra som er rapportoppgåva for VØR.,

– For å forenkle dette vil eg rå styret i VØR til å lage ein noko utvida årsrapport, slik at eigarskapsrapport og årsrapport (årsmelding, rekneskap og revisjonsmelding) i det minste vert den same. Såleis oppnår ein å gjere to rapportar til ein, samstundes som ein får ein rapport som er revidert av kommunerevisjonen. Dersom kommunen ikkje ynskjer det slik, ber vi om tilbakemelding på det, seier Bjørdal.

Tigjengeleg på nett

Han minner dessutan kommuneadministrasjonen på at alle årsmeldingar, årsrekneskap og protokollar frå styre og representantskap frå 1988 og fram til i dag er lagt ut på VØR sine heimesider. Nye protokollar frå styre og representantskap vert lagde ut så raskt dei er godkjende. Vidare har kommunen fått oversendt årsrekneskap med notar, revisjonsmelding og styremelding i vår.

– Opplysningane kommunen etterspør er såleis opplysningar som i all hovudsak alt finst i kommunen, rett nok i ulike dokument og dei vert mottekne av kommunen til ulike tider på året, seier Bjørdal.