Sjukehusaksjonen i Nordfjord, Folkeaksjonen for Volda sjukehus og fastlegar i Nordfjord kravde handling frå Helse- og omsorgsdepratementet i det ope brevet. Det var peikt på at pasientar som vel næraste sjukehus i grenseområdet Helse Midt og Helse Vest, vert økonomisk straffa med store eigendelar. Pasientar sitt liv og helse i Nordfjord vert skadelidande ved lang reiseveg i hastesituasjonar ved å ikkje kunne sendast til næraste sjukehus i Volda, dersom det er best. Det var og peikt på at Nordfjord sjukehus skulle utviklast til å vere framtidas lokalsjukehus i Noreg, men dei at føreslåtte endringar frå Utviklingsprosjektet var svært lite tilfredsstillande. I brevet datert 29. april vart det og understreka at det førre svaret frå departementet var ei ansvarsfråskriving, og dei nøyer seg med å vise til helseføretaka. I svaret frå departementet i midten av september viser dei igjen til at ansvarsområda ligg innanfor dei aktuelle helseføretaka i spørsmåla som er stilt.

– Har fått nokre sigrar

Per Johan Ramsli i Folkeaksjonen for Volda sjukehus svarer slik på spørsmål om han er nøgd med svaret frå departementet.

– Vi er ikkje heilt det, nei. Vi har fått nokre sigrar. Tala frå august 2013 viser at pasientar i Hornindal som vel næraste sjukehus, og som må krysse føretaksgrensa, betalar lågast sats. Dette er ein siger i seg sjølv for pasientane. Dette vert ein parentes i det store bilete, men likevel så merkar vi det, seier Ramsli.

– Toar sine hender

Ifølgje Ramsli var brevet til departementet ved Jonas Gahr Støre ein tretrinns rakett, og dette var det andre brevet.

– Dei hadde moglegheita til å gripe tak i dette før valet, men det gjorde dei ikkje. Svaret vi fekk viser stort sett den same tendensen som tidlegare. Departementet peika tilbake på helseføretaka og toar sine hender. Det er saka i nøtteskal.

– Avventande optimistar

Sjølv om det ikkje har kome noko klart svar frå Helse og omsorgsdepartementet på spørsmåla som er sendt, er det likevel optimise for framtida.

– Vi er avventande optimistar med tanke på at den nye regjeringa skal tre i kraft. Eg vil understreke at problemet framleis er føretaksmodellen med byråkratiet. Som brukar helsekronene på byråkratiet, og ikkje helse. Løysinga, slik vi ser det, er meir sjølvstendige sjukehus med eigne budsjett og tildelte oppgåver. Og at ein kan kutte det store byråkratiet imellom departementet og dei enkelte sjukehusa. Politikarane må også ta meir ansvar med å definere betingelsane for helsetilbodet, seier Ramsli.