Laurdag 11. mai er det seremoni for 27 humanistiske konfirmantar i Ørsta kulturhus. Dette er eit rekordhøgt tal på Søre Sunnmøre.

Årets talar er Åse Kleveland, godt kjend etter lang fartstid i norsk kulturliv. Dei siste 6 åra har ho vore styreleiar i Human-Etisk Forbund. Talen i Ørsta vert eit av hennar siste oppdrag som styreleiar. Til sommaren går ho av.

– Vi er svært glad for at Kleveland kjem hit for å halde tale, seier konfirmasjonsansvarleg i Human-Etisk Forbund lokalt, Lisbeth Hoggen Totland.

Høgtideleg

– Seremonien er flott og høgtidleg frå før, og med Kleveland som taler vert det i år enda meir stas.

Dei 27 konfirmantane har sidan nyttår delteke på konfirmasjonskur i regi av Human-Etisk Forbund. På kurset har målet vore å lære konfirmantane å reflektere rundt viktige spørsmål som t.d. personlege val i livet, kritisk tenking, menneskerettar og solidaritet, val og grenser i høve rus og seksualitet med meir. Kurset var avslutta med overnattingstur til Yksnøya i samarbeid med studentar ved Høgskulen i Volda.

– For oss i Human-Etisk Forbund er det viktig at humanistisk konfirmasjon skal vere eit godt alternativ ungdomane kan velje når det er rett for dei, seier Totland.

– Vi er glad for at ungdomen på Søre Sunnmøre har dette valet, seier ho.