Kommunestyrepolitikar og lokalpatriot Sindre Kvangarsnes tok ein grundig gjennomgang av kva som må gjerast av fonnverntiltak i Dalsfjorden då han tysdag gaida samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal og representantar frå Statens vegvesen rundt fjorden.

Har utarbeidd plan

Så lenge det har vore veg rundt Dalsfjorden har årlege fonner skapt vanskar for samferdselstilbodet på fylkesvegen vinterstid. På 60-talet starta arbeidet med å sikre vegen, og på 80-talet vart det gjort eit stort løft for å byggje nye fonnoverbygg og fonnvollar. Sidan har lite skjedd. Men no har tre grendelag i Dalsfjorden gått saman om å utarbeide ein rassikringsplan.

Denne planen vart presentert for plannemnda for samferdselsutbygging og vist i praksis under ein gaida busstur frå Lauvstad til Folkestad tysdag.

Nye tiltak og utbetringar

Dei nye tiltaka planen tek føre seg er sikring av Svorafonna, Tobbeneset, Lissjeneset, Fjøsneset og Skarhamrane. Vidare ønskjer ein å utbetre tidlegare sikringstiltak ved Skiftingsfonna, Djupegylet, Breideskjerva og Jøtteneset som har synt seg å ikkje fungere som tenkt. I tillegg er fleire punkt med dårleg sikt og kurvatur lagt inn i planen.

– Manglar logikk

Målet er å på sikt fjerne all rasfare langs Dalsfjordvegen, så ein slepp å stengje vegane med bom. Kvangarsnes poengterte at det i mange tilfelle manglar logikk i kvar og kva tid ein stengjer vegane og opnar fonnoverbygga vinterstid.

– Vegvesenet krev respekt for stengde vegar. Men vi har ikkje alltid tillit til dei. Spesielt når ein ser på Ljoselva der bilistane må køyre gjennom fonnoverbygget sjølv om det ikkje er snø att i fjella, sa Kvangarsnes. Han ønskjer også å få innført SMS-varsling så dei fastbuande kan få beskjed om stengde vegar i staden for å møte ein låst bom på veg til arbeid.

Grov av nes på dugnad

På bussturen synte Kvangarsnes fram kvart einskild punkt langs vegen som har vorte eller bør verte utbetra. Han fortalde også om då bygdefolket i Indre Dalsfjord vart så oppgidde over manglande utbetringar at dei ei helg under OL i Albertville grov av Langeneset på dugnad.

Historia fall i god smak blant fleire som meinte det kunne vere like greitt å gjere det på den måten av og til.

– Samfunnsøkonomisk er kanskje det beste å få dispensasjon frå sakshandsamingsreglar og reguleringsplanar og la Sindre få styre maskinene samstundes som han styrer med kraftverka, skjemta rådmann Rune Sjurgard, og lovde at Volda kommune skal sjå nærare på planane som har vorte utarbeidd av grendelaga.

– Kommunen kjem med ei sak der vi skal nytte oss av lokalkunnskapen og planen frå grendelaga. Det skal gjerast eit politisk vedtak på prioriteringane som vi skal sende vidare til fylket. Vi ventar å få ein dialog og tilbakemeldingar på kva prioriteringar som vert sett på som tenlege og kva kommunen bør gjere av tiltak, sa Sjurgard.

Ordførar Arild Iversen sa ein truleg må ta føre seg utbetringane rundt fjorden punktvis.

– Eg trur det vert vanskeleg å lage ein eigen plan for heile Dalsfjorden, men det er viktig å kome med prioriteringar slik at ein får laga planar for dei einskilde prosjekta rundt fjorden, sa han.

– Dei tolmodige vinn fram

Leiar Oddbjørn Vatne i plannemnda sa det var veldig greitt å få sjå utfordringane frå bussen, og at det bør vere muleg å få ordna mykje av det som vart snakka om.

– Rassikringsprosjekta ligg ikkje i fleire hundre millionar kroners-klassen. Det er små prosjekt. Vi må sjå vidare på planen og skal orientere fylket vidare om kva vi skal gå vidare på, sa han.

– Fylket skal krige for å få inn fleire midlar til veginvesteringar. Vi må ikkje gje opp. Å få til vegprosjekt tek mange år. Men det syner seg at dei som står på og er tolmodige vinn fram etter kvart, sa han.

Leiar Oddbjørn Vatne i plannemnda.