Ei ny oversikt over alle tohjulingar i dei forskjellige kommunane, fortel at det per 1. januar i år var 371 tunge motorsyklar tilhøyrande personar busett i Ørsta kommune. I Volda kommune er det registrert 273 tunge MC-er.

Utviklinga i Noreg

I heile Noreg er det 131.751 tunge MC-er. I løpet av dei tre siste åra har det vore ein relativt stor auke i mengda tunge motorsyklar over det meste av landet. Tala frå Statistisk sentralbyrå viser at auken har vore på nesten 13 prosent frå 2008 til 2011.

Utviklinga i Ørsta

Auken har vore enda større i Ørsta kommune. Her har mengda vakse med 54 i denne treårsperioden. Det betyr ein auke på 17 prosent. I Volda er det snakk om ein auke på 16 prosent i den aktuelle tida.

Sekretær Bjørn M. Magnussen i Noregs Motorcykkel Union, seier til Møre-Nytt at utviklinga truleg har samanheng med betre økonomiske tider blant nordmenn.

- Noreg er noko betre stilt enn resten av Europa reint økonomisk, og dette medfører mellom anna at fleire og fleire tek seg råd til å leve ut MC-draumen, seier han.

- Trafikktettleiken rundt dei største byane påverkar også utviklinga, då fleire og fleire ser fordelane med å ta seg fram på to hjul til og frå jobb, legg han til.

Størst på MC

Vi tør like godt å kåre Tydal kommune i Sør-Trøndelag som Noregs absolutte MC-kommune. I denne vesle kommunen er det over 63 syklar per tusen innbyggjar. Dernest følgjer Rindal her i Møre og Romsdal med 55,6 tunge MC-er per tusen, mens Vestre Slidre i Valdres tek MC-bronsen i Noreg, med 54,7 per tusen bebuarar.

I heile Noreg er det 26,4 tunge MC-er per tusen nordmenn.

Ørsta rangert

På denne lista, som altså tel alle dei 429 kommunane i Noreg, finn vi Ørsta eit godt stykke over midten som Noregs 103. største MC-kommune. Med dei 371 tunge MC-ane vi har registrert her, så betyr det 35,7 per tusen innbyggjar.

På denne oversikta finn vi Volda kommune som nummer 170, då det her er 31,4 registrerte tunge MC-er per tusen innbyggjar.

MC i Møre og Romsdal

Alt i alt finnar vi 6.666 tunge MC-er i Møre og Romsdal. Det er 817 fleire enn for berre tre år sidan. Etter Rindal følgjer Tingvoll, som har 52,6 per tusen innbyggjar. Den aller minste MC-kommunen i fylket er Sande, som berre har 12,4 per tusen snute.

Trur på framleis auke

– Så lenge den økonomiske situasjonen tilseier at ein har moglegheit til å kjøpe seg eit ekstra køyrety, så vil nok auken i mengda tunge MC-er fortsetje, trur Magnussen.

– Vi har også sett at klimaendringane gir moglegheit for lenger sesong på to hjul. Det gjer sjølvsagt motorsykkelen meir interessant for enda fleire brukarar, seier han.

Mopedar og sånt

Det er gjerne ikkje godt for ”mannen i gata” å alltid vite kva som er tung motorsykkel, og kva som er lett og kva som er moped.

Ifølgje SSB-tala er det nemleg så mange som 346 registrerte mopedar i Ørsta kommune. Og i tillegg til dette er det 75 motorsyklar som blir karakterisert som lette. Det vil seie inntil 125 kubikk. Alt i alt er det derfor snakk om 792 utgåver av motorsyklar og mopedar tilhøyrande innbyggjarar i Ørsta kommune.

Tohjulingar i Volda

Tilsvarande for Volda kommune ser vi at det finst 288 mopedar registrert på innbyggjarar med adresse i kommunen. Vidare finn vi 38 lette motorsyklar, slik at det totalt er 599 motoriserte tohjulingar med base i Volda.