Det var etter eit innbrot fredag morgon at politiet kom på sporet av dei to. Politiet reiste til bustaden deira, der det vart funne større mengder tjuvegods. Mykje av dette har vorte tilbakeført til eigarane, men det manglar framleis ein del tjuvegods. Politiet trur dei to mellom anna har selt fotoutstyr som vart stole frå eit redaksjonslokale i Volda. Elles er det stole store og mindre gjenstandar av varierande verdi. Innbrota skal ha skjedd siste tida.
Lensmann Jostein Vatne opplyser at det dreiar seg om kjenningar av politiet. Dei to skal avhøyrast etter helga.
– Grunnen til at dei no vert fengsla, er at dei har betydelege forhold på seg som ikkje har vorte oppgjort, seier lensmannen.