– Det er viktig for oss å arbeide planmessig framover. Frå då kontoret vart stifta og fram til det siste har ei viktig oppgåve vore å fordele midlane Ørsta fekk som følgje av at arbeidsgjevaravgifta auka. Desse kompensasjonsmidlane vart på over tretti millionar kroner, og styret har hatt ei viktig oppgåve med å fordele desse pengane. Etter at desse midlane tok slutt, meinte vi tida var inne til å sjå opp og fram, og leggje eit grunnlag for korleis kontoret skal arbeide vidare, seier styreleiar Knut Olav Standal.

Medlemsbedriftene

Framleis skal Stiftinga Ørsta Næringskontor vere eit kontor for medlemsbedriftene, og kunne ta opp saker og spørsmål som vert fremja for kontoret. Vidare vert det framleis ein viktig del av kontoret si verksemd å arbeide med nyetablering mellom anna gjennom Hoppide-prosjektet.

Det som har vore viktig for styret, er å setje dette arbeidet i system, og leggje føringar for kva som er dagleg leiar Odd Magne Vinjevoll sine viktige arbeidsoppgåver.

– Sjølv hadde eg eit behov for at styret gjorde dette arbeidet, seier Vinjevoll.

Attraktiv

Den vedtekne visjonen til Stiftinga Ørsta Næringskontor er følgjande: «Ørsta med kringliggjande kommunar skal vere ein attraktiv region for busetnad og næring».

– Det er ganske konkret, og noko å strekkje seg etter. Det er også viktig at vi her tenkjer heile regionen. Dessutan er vi på line med det som no er under arbeid i Ørsta kommune med kommuneplanen. Sjølvsagt er det også slik at vi konkret skal arbeide med næring, medan busetjingspolitikk er eit kommunalt ansvar, seier Vinjevoll.

Synleggjering

Strategiane som følgjer av visjonen, er delt i tre. Stiftinga Ørsta Næringskontor skal for det fyrste vere ein aktiv pådrivar for konkurransedyktig infrastruktur og regional næringspolitikk. Vidare skal kontoret medverke til styrking og synleggjering av næringslivet, og kontoret skal arbeide for å utvikle samarbeid mellom skule, utdanningsinstitusjonar og næringslivet i regionen vår.

Det at næringslivet i Ørsta dei siste åra har vore i sterkt endring, vil påverke arbeidet.

Næringsliv i endring

– Ørsta har gått frå å vere ein typisk industrikommune til å verte meir mangesidig. Vi har framleis eit sterkt landbruk og vi har eit veksande reiseliv. Industrien er framleis viktig, men her er færre større bedrifter att. Samstundes vert det fokusert på Ørsta som bukommune, og då må vi tenkje regionalt. Difor var det tida for næringskontoret å samle seg igjen, og finne ut kvar styrkane våre ligg, seier Vinjevoll.

Kompetanse

Han trur det å byggje opp kompetansearbeidsplassar vert ein viktig del av arbeidet som kjem.

– Når vi no har visjonen og strategiane på plass, står det att å få laga eit handlingsprogram som konkretiserer oppgåvene til kontoret, seier Vinjevoll.

Konferanse

Eit konkret tiltak som allereie er bestemt, er at det til hausten er planlagt ein stor næringslivskonferanse i Ørsta.

– Her vil det kome nasjonale storleikar. På denne konferansen vil vi tenkje regionalt, seier Standal.

Uansett arbeidsoppgåver, understrekar både Standal og Vinjevoll at det er avgjerande å ha god kontakt med medlemsbedriftene. Det er for dei næringskontoret er til.

– Det er berre å ta kontakt med spørsmål og synspunkt, seier Vinjevoll.

Styret

Stiftinga Ørsta Næringskontor er eit kompaniskap mellom kommunen og næringslivet. Med i styret er Knut Olav Standal (leiar), Bente Reklev, Knut Myklebust og Odd Staurset frå næringslivet, medan ordførar Rune Hovde, rådmann Wenche Solheim og formannskapsmedlem Petter Bjørdal representerer kommunen.