– Ein slik trong fjord som går over i ein trong dal med vatn, kan vere interessant for flaggermus, seier Olsen.

Lisens

Han har lisens for fangst og ringmerking av flaggermus og har siste åra undersøkt førekomst av flaggermus i Ørsta og Volda. No planlegg Olsen å sjekke fem nye lokalitetar.I Ørsta er det Festøykollen, Kolsjeneset og Norangsdalen som er prioritert.

Viltfonda i Ørsta og Volda har støtta Oddvar Olsen sitt arbeid slik at Olsen har skaffa seg ein detektor, ein nyttig reiskap når ein skal leite etter flaggermus.

– Med detektor kan eg leite etter gode område for flaggermus. Detektoren kan også bidra med å finne ut kvar dei ulike artane har fødesøkområda sine, seier Olsen.

Privatbesøk

Han har vore på privatbesøk for å leite etter flaggermus. Sju husstandar har fått besøk. Dei ligg på Lauvstad, Mork, i Vassbotnen, på Kalvatn, Engeset, Vallabøen og Rørstad. Alle koloniane har vore små, frå nokre få flaggermus til nær tjue.

– Det har i all hovudsak vore nordflaggermus som har vore i aktivitet rundt og i husa, fortel Olsen.

Stor koloni

Ein stad var der ein stor koloni og det vart ved eit besøk der talt nær 200 dvergflaggermus som forlet kolonien i skumringa.

– Dette betyr at det med ungar og vaksne som framleis var att inne i kolonien må ha vore over 400 dyr knytt til kolonien, seier Olsen.

Ved alle besøka, unnteke to, har huseigarar uttrykt at det er positivt på ha flaggermus i huset.

– Ein huseigar ville gjerne ha fleire flaggermus fordi dei held mygg og knott unna. I det andre tilfellet vil huseigaren verte kvitt flaggermusa, og huseigaren hadde hengt opp gamle kredegarn langs takraft og over husmønet.

Det vart vurdert å melde dettr til politiet og dyrevernet. Men då det ikkje vart observert daude flaggermus i garnet vart ikkje dette gjort.

Støtte

Oddvar Olsen har no søkt Vilt- og innlandsfisknemnda i Ørsta om eit tilskot på 5000 kroner til flaggermus-kartlegging. Teknisk sjef rår til at Olsen får pengane.