– Det har aldri vore snakk om å måle opp skogmassene på nokon anna måte enn i fast kubikk (fm3).

I ein e-post frå skogbrukssjef Kåre Kristen Totland i fylkesmannen, kjem det fram at grunneigarane eig 1.744 kubikkmeter med laus skogmasse, noko som utgjer 698 kubikkmeter i ferdig oppflisa fastmasse.

– Det er her tvisten ligg – plutseleg krevjar grunneigarane pris for lausmål i staden for fast.

Ryddige

Han avviser også at det har vore kommunikasjonssvikt mellom grunneigarane og skogeigarforeininga.

– Vi har prøvd å vere så ryddige som muleg, og har late dei høgare nivåa i organisasjonen teke seg av kommunikasjonen med Sundal & co. Det viser seg no sist der marknadssjefen vår tok over korrespondansen.

Kritisk

– Kva tenkjer du om at dei vurderer å bryte kontrakten og selje skogmassene som ved viss dei ikkje får betaling?

– Tja, det er no eit standpunkt det også. Viss ein ser profesjonelt på det må ein spørje seg sjølv kva som kan skje når ein bryt ei kontrakt. Eg er ikkje dommar, men snakkar på generelt grunnlag.

Eliassen er uansett kritisk til at grunneigarane vel å gå til pressa med saka.

– Eg vil ikkje akkurat seie at det styrkar deira posisjon i saka. Viss argumenta deira hadde vore gode nok, hadde det ikkje vore nødvendig å ta diskusjonen i media.