Ørsta kommune er prioritert høgt når kommunane i Noreg no skal igjennom ei ny skredfarevurdering, og i Ørsta vil kartlegginga kome i år.

Kommunen var usikre på om NVE ville kartleggje heile sentrumsområdet, for ut ifrå eit kart å døme, var ikkje Mosmarka-feltet med i kartlegginga.

NVE stadfestar no overfor kommunen at også dette området skal vere med i den nye kartlegginga.