16 VG1-elevar frå design og handverk-linene ved Sykkylven og Borgund vgs. var torsdag inviterte til blomsterdekoratørlina ved Ørsta vgs. Her fekk elevane eit nærare møte med ein muleg veg vidare i utdanninga si, og fekk prøvd seg praktisk ved å lage morsdagsdekorasjonar som dei tok med seg heim.

– Vi har invitert dei hit for å vise kva slags utdanningstilbod som er i Ørsta på eit VG2-løp etter design og handverk. Elevane skal vite at her er fleire utdanningsval, og at dette er verdas vakraste yrke. I tillegg er det også eit fag for gutane, seier kontaktlærar Tonje Sætre Indrearne.

I år er det 13 elevar ved lina, og ho er fyllt opp. Faglærar Pauline Masdal ser gjerne at fleire elevar utanfrå søkjer seg til Ørsta.

– Mange av dei elevane som vel å gå her er våre eigne elevar som går vidare. Vi er den einaste skulen i heile fylket som har blomsterdekoratørline, og vi er også den nordlegaste i landet. Det som noko som vi m.a. prøver å fortelje til elevane i Sogn og Fjordane.

– Vi har lyst til å samarbeide med andre formingsliner slik at elevane får vite om alle dei tilboda som faktisk finst, og at dei ikkje berre ser utdanningstilbodet på sin eigen skule, seier Indrearne.

– Kreativ line

Sarah Garnes frå Ulsteinvik er ein av elevane ved blomsterdekoratørlina, og ho rosar tilbodet.

– Det er veldig kjekt og lærerikt, og du vert veldig kreativ. Det er eit kjekt yrke med ein variert kvardag.

– Har du eit råd til dei som tenkjer på å søke seg hit?

– Dei må vere litt kreative, og dei må like å arbeide med folk om dei skal ut i butikk.

Eit av høgdepunkta gjennom skuleåret er å vere på utplassering. I år skal to av elevane til Nederland i tre veker, medan dei andre elevane skal vere rundt omkring i Noreg og ha si utplasseringstid.

Søknadsfristen for elevar på vidaregåande skule er 1. mars, og lina er open for at fleire kan kome på besøk og lære tilbodet betre å kjenne.