Dermed er det slutt på to månader med lang omkøyring for folket i dette området.

- Den nye brua er kjempeflott, rosa Grete Aarsnes då ho var den første som spaserte over den nye brua etter at Statens vegvesen opna brua for trafikk måndag klokka 10.

Den nye brua er 17 meter lang og 7,5 meter brei. Opninga under den nye brua er blitt større for å gi betre plass til flaum og skred.

- Trafikantane har no fått ei topp moderne bru. Den nye brua er både lenger og breiare enn den gamle, seier prosjektleiar for den nye Ytstenesbrua, Mariann Nærø i statens vegvesen.

Ytsteneselva

Strekninga Festøya-Store Standal har vore stengd ved Ytsteneselva sidan 4. august grunna Statens vegvesen si brubygging. Den gamle Ystenesbrua vart skadd av eit flaumskred våren 2012 og måtte erstattast.

Folk som skal til og frå Store Standal, Stavset og Ytre Standal har måtte nytte vegen over Standaldalen frå Ørsta medan fv. 70 har vore stengd.

- Eg synest at folk som har vore berørte av stenginga har takla situasjonen med lenger omkøyringsveg veldig fint, og dei har vore  tolmodige. Vi  har motteke få klager, fortel Nærø.

Alt har gått på skinnner for bruprosjektet. Kostnadsramma på 6,3 millionar er halden, og bygginga har teke akkurat så lang tid som planlagt.

I to veker framover vert det skilta med 50 km/t gjennom brua som vanlegvis har 80-sone. Årsaka er noko restarbeid som skal utførast, m.a. oppsetjing av autovern.