Distriktet fekk 12 nye stillingar i år og håper denne utviklinga held fram. Søkjartala har vore stabile siste åra. Av de 73 søkjarane i fjor var det berre 11 sunnmøringar som sendte inn naudsynte dokument og som fullførte opptaksprøva. Bare sju av desse møtte til studiestart. Dette vart ein kraftig reduksjon frå 2012, då 20 studentar kvalifiserte seg og 17 starta på studiet. Søknadene kom frå alle kommunane og flest frå Giske (9), Volda (7), Ørsta (7) og Ålesund (28).

- Eg er sikker på at det lokalt er fleire gode kandidatar, seier Hasseldal.

Sunnmøre politidistrikt har årleg 24 andreårsstudentar i praksis ute på lensmannskontor og på Ålesund politistasjon. Frå årets kull er fire frå Ålesund, ein frå Ørsta, ein frå Volda og to frå Sykkylven.