Grilling høyrer gjerne påska til, men det er forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og utmark i perioden 15.4 - 15.9 på grunn av faren for skog-, gras- og lyngbrannar.

- Uforsiktig omgang med bar eld som t.d. bålbrenning og grilling er den største grunnen til skogbrann, opplyser brannvesenet på nettsidene til Ørsta kommune.

I denne perioden er brenning i eller i nærleiken av skog og utmark søknadspliktig, og det skal verte søkt i god tid før brenning. Føremålet med bålbrenning skal ikkje vere å kvitte seg med avfall som skal leverast til godkjent avfallsmottak.

Nye reglar

Men aldri reglar utan unntak, er det gjerne noko som heiter. Inntil i fjor har det vore forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skogmark utan løyve frå kommunen. Reglane er endra. Det er no lov å bruke hovudet når du fyrer opp utandørs. Forskriftene er endra frå "i eller i nærleiken av skogmark" til "i eller i nærleiken til skog og anna utmark". Området er altså utvida, men der er også lagt til ei ny setning: "Det er likevel tillatt å gjere opp eld der det openbert ikkje kan medføre brann."

I rettleiaren til forskriftene vert det spesielt nemnt at det er lov å gjere opp eld på snødekt mark, eller når det har vore mykje nedbør over lang tid.

Du kan altså grille eller fyre opp bål utandørs - men bruk hovudet!

Generelle retningsliner i Ørsta kommune:

  • All brenning skjer på eige ansvar

  • Røyken frå brenning kan føre til helse- og trivselsproblem, særleg for folk med luftvegssjukdommar.

  • Kommunelegen og/eller brannsjefen kan stoppe brenning dersom ein vurderer det som skadeleg eller risiko for naboeigedomane.

  • Ein oppfordrar innbyggarane i Ørsta til å kompostere kvistar og hageavfall eller levere det til miljøstasjonen hos VØR.

  • Ulovleg brenning kan meldast til politiet.

  • Dersom brenning fører til utrykking, kan det medføre krav om kostnadsdekning frå kommunen.