Politiet i Møre og Romsdal melde klokka 11.00 onsdag at naudetatane er på utrykking til ein pipebrann i Follestaddalen.

Dei skriv vidare at situasjonen framstår som udramatisk, og at ingen skal ha fått i seg røyk.

Røykutvikling

Møre og Romsdal 110-sentral oppdaterer litt før klokka 11.30 at det er ein del røykinnslag i bustaden. Vidare at røykdykkarar har tatt seg inn for kontroll, og stigebil er i aksjon frå utsida. Det er målt høg temperatur i skorsteinen.