Har du vinterklede og/eller vintersko til vaksne og born som du kan gje vekk? I tilfelle er Ørsta kommune og Ørsta Røde Kors Omsorg interesserte.

På Ørsta kommune si heimeside står det at dei samlar inn brukte klede, og at det vert innlevering av klede på Røde Kors-huset i Strandgata frå 16.00 til 18.00 i ettermiddag/kveld.

Kommunen skriv:

«Det er stort behov for gode og varme vinterjakker, vinterdressar og vintersko til vaksne og born. Alt må vere reint og heilt.»