– Vi har fått informasjon om avviket. Saka verkar alvorleg og er no under behandling hos oss, seier kommunikasjonsdirektør Janne Stang Dahl i Datatilsynet til NRK.

Arbeidsminister Tonje Brenna (Ap) seier ho har vorte informert om at Nav er i ferd med å rydde opp.

– Eg forventar at Nav får orden på dette. Personvern er viktig for oss alle, og Nav har eit stort ansvar i å verne personopplysningar sidan etaten handterer store mengder personopplysningar, seier ho til NTB.

Persondataa omfattar helsa til arbeidssøkjarane, økonomi, sosiale forhold og etnisitet, skriv kanalen . Dei har fått innsyn i Nav-dokument der det kjem fram at Nav har lagra og behandla personopplysningar om brukarar utan å ha rettsleg grunnlag for det.

– Dette er flautt og paradoksalt at Nav som sit på den største samlinga av personsensitiv informasjon av nordmenn, ikkje har betre kontroll på personvern, seier etatstillitsvald Harald Langstad i Nav til NRK.

Nav veit ikkje kor mange nordmenn som er ramma av personvernbrotet. Dei jobbar no med å kartleggje og lukke avvika, seier arbeids og tenestedirektør Sonja Skinnarland i Nav. Ho seier dei skal ta kontakt med ramma brukarar.

– Det vart oppdaga tilfeldig at lister vart brukte til noko anna enn formålet som var formidling til jobbar. Då oppdaga vi at det hadde vorte skrive inn personsensitive opplysningar, og det skal ikkje skje. Det skal ikkje stå noko personsensitivt der, det er lovbrot, seier Skinnarland.

(©NPK)