Berre SV-representanten stemte imot forslaget om å gjere Ålesund til ein språknøytral kommune, skriv Sunnmørsposten.

Det er til sjuande og sist kommunestyret som skal gjere det endelege vedtaket, men mykje tydar på at formannskapet sitt forslag vert ståande.

I praksis vil det seie at kommunen skal vere språknøytral der det er valfritt for dei tilsette å bruke enten nynorsk eller bokmål. Kommunen skal òg melde seg ut av Landssamanslutninga for nynorskkommunar.

(©NPK)