Det verste veret er over for denne gong, trur teknisk vakt Emil Bjørdal i Ørsta kommune.

Han og kollegaene har hatt ein travel dag med å sjekke forholda langs vegar og busetnad, men det er ikkje meldt om skader i Ørsta.

– Det har vore ein del telefonar til oss, men etter klokka 18 har det roa seg. Det ser ut til at vasstanden i elvane er på retur. Og så har det blitt kaldare i høgda, slik at meir nedbør kjem som snø, seier Bjørdal ved 2030-tida søndag.

Men på Vartdal er det problem med eit av vassverka.

Kommunen skriv på heimesidene: «Grunna problem med UV-anlegg på Dalelina kommunale vassverk, bed vi om at alle abonnentar til kommunal vassforsyning på Vartdal kokar vatn som skal nyttast til drikke og matlaging. Normal vassforsyning vil likevel halde fram, men med kokepåbod. Oppheving av påbod vil bli varsla her på denne sida.»