Det er totalt 268 nye statsborgarar i sunnmørskommunane i år. 112 av dei takka ja til å vere med på statsborgarskapsseremonien i Ulsteinvik laurdag. Dei nye statsborgarane kjem frå 29 land, og representerer 13 av dei 17 kommunane på Sunnmøre.

18 nye statsborgarar frå Volda, og 9 frå Ørsta deltok på seremonien i Ulsteinvik. Volda-delegasjonen utgjorde den nest største gruppa på seremonien. Berre Ålesund med sine 41 deltakarar var større.

Fleirtalet av dei nye statsborgarane er frå Asia, og dei største enkeltlanda er Bhutan, Eritrea, Filippinane, Syria og Thailand. På seremonien deltok det 68 frå Asia, 22 frå Afrika, 10 frå Sør-Amerika, 11 frå Europa og ein frå Nord-Amerika.

Under statsborgarsseremonien var det talar av fylkesmann Lodve Solholm og ordførar Knut Erik Engh i Ulstein. Dei nye statsborgarar avla truskapsløftet til Noreg og song sjølvsagt nasjonalsongen.

Volda: 18 nye statsborgarar frå Volda deltok på seremonien. Foto: Fylkesmannen i Møre og ROmsdal
Ørsta: Eit utval av dei 9 nye statsborgarane frå Ørsta som deltok på seremonien. Foto: Fylkesmannen